📖
Trykkefridommens første tiår - § 100 i Grunnlova, 1814-1842
Åsmund Forfang

Trykkefridommens første tiår - § 100 i Grunnlova, 1814-1842

Author / Organization:
Open Access Books Published 2021 Verification Pending

Overview & Synopsis

I 1814 var gleda stor i Norge over at all sensur var avskaffa og trykkefridom garantert ved § 100 i Grunnlova: «Trykkefrihed bør finde Sted.» Men kor stor var den trykkefridommen Grunnlova innførte, og korleis vart den praktisert ved domstolane i åra etter 1814? I denne boka blir kjeldene som kan gi oss svaret på dette, for første gong grundig gjennomgått. Eit omfattande og hittil ubrukt kjeldemateriale gir oss eit nytt bilde av kvar grensene for trykkefridommen gjekk i første halvdel av 1800-talet, og korleis folk brukte den nye fridommen – på godt og vondt. Kjeldegjennomgangen fører òg fram til ei erkjenning av at den historiske og rettshistoriske faglitteraturen på området gjennom ei rekke følgjefeil har bygd resonnementa sine på sviktande kjeldegrunnlag. Åsmund Forfang (f. 1952) har tidlegare skrive dei historiske bøkene Hundre år med et smelteverk. En beretning om livet i Kopperå (2000) og Kvinnene i gruvesamfunnet Løkken Verk (2004), mentalitetshistorier frå to industrisamfunn på 1900-talet. Han er dessutan skjønnlitterær forfattar med debut i 1972 og siste utgiving, romanen Ikkje denne guten, i 2016.

Indexed from repository: Directory of Open Access Books (www.doabooks.org)

Document Information

Document Title Trykkefridommens første tiår - § 100 i Grunnlova, 1814-1842
Author / Organization Åsmund Forfang
Subject & Discipline D1-2009
Categories Open Access Books
Publication Year 2021
License / Rights Open Access / Creative Commons
Resource Verification Listed PDF (Verification Pending)
Original Host Website Directory of Open Access Books (www.doabooks.org)
File Format application/pdf (Portable Document Format)
Language EN
Catalog ID DOC-279491
Original Source Link Visit Source Page on www.doabooks.org »