📖
Offentleg sektor i endring
Finn Ove Båtevik, Randi Bergem, Jørgen Amdam

Offentleg sektor i endring

Open Access Books Published 2021 Verification Pending

Overview & Synopsis

Det er stort endringstrykk i offentleg sektor. Denne antologien drøftar endringar i sektoren, basert på erfaringar, både prinsipielt og frå konkrete studiar. Stikkorda er innovasjon, utviklingsarbeid og læring. Første del av antologien handlar om innovasjon. To av kapitla ser primært på bruken av omgrepet, først i lys av økonomisk historie, deretter i eit litteraturvitskapleg og filosofisk perspektiv. I kapitla som følgjer, blir innovasjon drøfta med utgangspunkt i empiri frå studiar av etablering av tildelingskontor, kommunal organisering og strategiar for språkleg velferd, og dessutan i lys av omgrepet innovasjonsinvasjon. Andre del av antologien tek føre seg ulike former for utviklingsarbeid, der ein ser nærare på institusjonar som Statens helsetilsyn, på samordning av bustadsosialt arbeid i kommunane og korleis utdanningsinstitusjonar kan arbeide for å motivere studentar til å delta i studentutveksling. Siste del av antologien har læring som overordna tema. Her blir ulike delar av utdanningssystemet sett under lupa. Tema som skulebasert vidareutdanning i klasseleiing for lærarar, erfaringar med aktivtetar som skaper læring og trivsel blant studentar, bruk av praksisbasert metode i entreprenørskapskurs og korleis nye kvalifiseringsvegar i barnehagelærarutdanninga har endra studentgruppene, er døme på korleis ulike sider ved utdanningssystemet er i endring. Offentlig sektor i endring er saman med antologien Innovasjon og entreprenørskap eit resultat av Fjordkonferansen 2015.

Indexed from repository: Directory of Open Access Books (www.doabooks.org)

Document Information

Document Title Offentleg sektor i endring
Author / Organization Finn Ove Båtevik, Randi Bergem, Jørgen Amdam
Subject & Discipline HD28-9999
Categories Open Access Books
Publication Year 2021
License / Rights Open Access / Creative Commons
Resource Verification Listed PDF (Verification Pending)
Original Host Website Directory of Open Access Books (www.doabooks.org)
File Format application/pdf (Portable Document Format)
Language EN
Catalog ID DOC-297531
Original Source Link Visit Source Page on www.doabooks.org »